Etter EVS kjem Future Capital

Future Capital - mogelegheiter for ungdommar med entreprenørlyst

Ungdomsstyrte prosjekt i Sogn og Fjordane har fått nær 500 000 kroner i EU finansiering dei siste to åra. Støtta har gått til prosjekt som: Filmfestival ; Teater; Elddans; Ungdomsinformasjon; Padlekurs; Filmbedrift; Reiselivsutvikling; Journalisme; Forsking mm.

Ordningane Future Capital (Volontørinitiativ) og Ungdomsinitiativ, hjå EU programmet Ung i Europa, gjev mange mogelegheiter. Ungdommar i Sogn og Fjordane er storforbrukarar av ordninga. Berre dei fyrste tre månadane i 2006 har ungdommar ifrå Sogn og Fjordane fått 17 500 euro i stønad. Vesle Daniel har gjeve råd og vegleding til desse.

Kva er Future Capital (Volontørinitiativ) & Ungdomsinitiativ?
Hovudføremålet er å fremje ungdommar sin kreativitet og initiativ, les meir på Ung i Europa sine nettsider. Klikk for Ungdomsinitiativ eller Future Capital (Volontørinitiativ).

Prosjekt frå Sogn og Fjordane som har fått stønad:

Gaute Hope og daff gjengen frå Dale i Sunnfjord

Vi ynskjer å arrangere Dale AmatørFilm Festi val (daff) i august 2006, her vil forskjellege filmproduksjonar verte presenterte som ein del av Dalsfjordveka, ei lokal festi valveke. Vi ynskjer å arrangere to filmskaparkurs for ungdommar før festivalen. Filmane som vert vist vil vere lagd av ungdommar frå heile Sogn og Fjordane, nokre frå andre land og andre interesserte. I tillegg vil det vere ei fotoutstilling og presentasjon av musikkvideo laga av ungdommar. Det er og mogeleg at Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen vil ha ei utstilling på same tid. Heile festivalen frå førebuing til slutte evaluering vil verte styrt av lokale ungdommar.
Vi har fåttt 7500 euro frå Ungdomsinitiativmidlane til Ung i Europa. Vi har og søkt om stønad frå Fjaler kommune og Sogn og Fjordane fylke. Les meir på nettstaden vår http://www.daff.no

Anita Nordeide , Askvoll

Mitt prosjekt er å lage ei fotografisk utstilling av EVS opplevinga mi i Wales, samt andre prosjekt der. Denne vil verte brukt for marknadsføring av EVS som mogelegheit for ungdommar frå Sogn og Fjordane. Hovudmålet bak prosjektet er å gjere ungdommar frå Sogn og Fjordane klar over mogelegheitene dei har til å oppleve ein anna kultur og lære eit anna språk i ein viktig del av livet deira.
Anita var EVS volontør i Wales, les meir…

Sapfo Stavrides, Sandane, Noreg / Rhodes, Hellas

Eg har motteke stønade for å utvikle eit teaterstykkje kalla “Villvind”. Dette er eit prosjekt som inneheld to hovuddelar; Norsk kultur (mytologi, folkeeventyr, musikk etc) og teater.
Eg ynskjer å skrive eit stykke som blandar teater, dans (eg føretrekk å kalle det bevegelse) og musikk. Innhaldet vil vere basert på norsk mytologi og folkeeventyr.
Med dette ynskjer eg å presentere mine personlege visjonar om Norge. Eg synes det er eit utfordrande poeng å nærme seg den historiske identiteten til ein nasjon og uttrykkje denne på min måte. Prosjektet mitt er å skrive stykket, sjølve oppsetjinga vil verte eit større prosjekt som eg vil opne for andre som har ei felles interesse innan teater, kultur og norsk folklore. Prosjektet ekskluderer ingen, dette sidan alle kan vere med som aktive mehjelparar og skodespelarar.

Sapfo var EVS volontør på Firda vidaregåande skule, les meir…….

Oddmund Haugen, Dale i Sunnfjord

Eg ynskjer å skape eit fritidstilbod for ungdommar frå heimbygda mi, dette vil fokusere på bruk av video og foto. Vi vil produsere musikkvideoar, andre filmar og fotoutstillingar. I tillegg ynskjer eg å skape eit lærings og hjelpe senter for personar som vil bruke video som eit marknadsførings verkty. Eg vil og involvere meg i å skape ein lokal filmklubb, mot slutten av mitt prosjekt vil vi førebu og gjennomføre ein amatørfilmfestival .

Oddmund var EVS volontør i Katalonia, les meir……

Malin Bakke Hole, Høyanger/Holmedal

Det er mitt mål å bruke sommaren 2006 på å gje ungdommar frå Sogn og Fjordane høve til å lære å padle kajakk. Med stønaden frå Ung i Europa vil eg vere i stand til å senkje prisane på grunnkurs i padling til eit nivå som ungdommar kan betale. Eit grunnkurs kostar omtrent 3000 kroner, eg skal kunne tilby dette for ca 500 kroner. Som ein del av førebuinga for dette prosjektet vil eg arbeide 3 månader frivilleg på eit utandørs senter i Wales slik at eg får dei kvalifikasjonar og den erfaring som er naudsynt for å gjennomføre prosjektet.

Malin var EVS volontør i England, les meir…….

Anne Fuhre, Flekke, Noreg / Berlin, Tyskland

Prosjektet handlar om å instruere og opptre som artist med Elddans, og starte ein profesjonell aktivitet med dette. Det byrjar i februar der eg sjølv tek kurs i koreografi og sirkuskunstar. Etter dette lager eg ei førestilling og held den for lokal ungdom i Storås i april. Interesserte melder seg på kurset, som er i juli. Eg lærar dei opp intensivt fram til slutten av juli, og lagar ei førestilling ilag med dei. Denne skal synast Storåsfestivalen. Prosjektet skal verte eit grunnlag for ei profesjonell karriere.
Anne var EVS volontør for Hauglandssenteret i Flekke

Vincent Raineau, Flekke, Noreg / Bordeaux, Frankrike

Målet bak dette prosjektet er at eg skal starte ei eiga bedrift I Noreg og Frankrike. Sidan eg har budd her i 1 ½ år, og kjenner Sogn og Fjordane og HAFS regionen godt, ynskjer eg å starte ei bedrift som kan ta ansvar for å organisere opplevelsesturar for betalande kundar, både i Frankrike og Norge. Mine fyrste kundar vil vere organisasjonar som arbeider med barn og ungdom, samt institusjonar knytt til dette arbeidsområdet. Eg ynskjer å ta dei frå det eine landet til det andre.
Med hjelp av stønaden frå Ung i Europa vil eg vere i stand til å gjennomføre mitt fyrste prosjekt; ta med tenåringar frå Frankrike til Haugland, for å tilbringe ei veke på Leirskulen der, slik at desse kan oppdage den norske tradisjonen for friluftsliv. Samstundes vil det vere ei norsk gruppe på leirskulen, på grunn av dette vil dei franske ungdommane lære å kjenne dei norske og vice versa.
Ved å arbeide med denne type grupper vil eg skaffe meg erfaring som kan gjere meg i stand til å finne ”betalande” kundar seinare, og med det skape min eigen arbeidsplass. Det er stor interesse i regionen for nye formar for turisme, spesielt turisme som baserar seg på aktivitet og opplevingar for grupper.

Vincent var EVS volontør på UWC i Flekke. Les meir……

Guillaume Tenaud, Solund, Noreg / Caen, Frankrike

Eg ynskjer å lage ein DVD som kan verte eit vitnesbyrd om korleis volontørane i Noreg, mellom 2002 og 2003 erfarte tida som volontør.
På denne DVDen ynskjer eg å beskrive alle prosjekta. Målet er å finne ut meir om kva desse no tenkjer om Norge og om / korleis EVS forandra livet deira.
Det endelege målet er å distribuere DVDen, i Frankrike og i resten av Europa, til over 300 verts og sendar prosjekt. Desse prosjekta kan då få vete meir om kva volontørane”beheld” frå året og om EVS har forandra dei. Der vil vere ei kort beskriving av mange volontørar, med tekst, bilete, lyd og video, det er ein DVD så vi kan gjere kva vi vil.....

Guillaume var EVS volontør på Kulturskulen i Solund. Les meir…..

Juan Miguel Garrido Delgado, Flekke, Noreg / Burgos, Spain

Prosjektet sitt mål er å utvikle vevstaden til prosjektet Vesle Daniel. Eg har vore involvert i prosjektet i mange forskjellege aktivitetar og ynskjer å bidra til å vidareutvikle det. Vi ynskjer å gjere vevstaden meir attraktiv og einklare å bruke. Spesielt for å informere ungdommar, ungdomsleiarar og andre interesserte personar om dei mogelegheitene som eksisterar for ungdommar frå Sogn og Fjordane, heile Norge og Europa. Ved å gjennomføre dette prosjektet vil eg bruke mange av dei erfaringane eg hadde som EVS volontør, eg får og dele desse med andre.

Juan var EVS volontør på UWC i Flekke. Les meir……

Simon Deschamps, Sogndal, Noreg / Grenoble, France

Mitt prosjekt er å skrive ein artikkel for Franske reiselivsmagasin, denne skal handle om ei reise frå Nordkapp til Sogn og Fjordane. Når den er ferdig vil eg forsøkje å få den publisert. Dette vil vere eit viktig steg på vegen for å etablere meg som Frilansjournalist.

Simon var EVS volontør på Frivillegsentralen i Sogndal. Les meir……

Svein Erik Helle, Holmedal

Mitt prosjekt vil vere eit prosjekt retta mot å bruke video som eit verkty for bygdeutvikling.
Eg ynskjer å skape ein video/dvd som kan brukast for å utvikle ungdommar sin sans for lokal identitet og for å marknadsføre området eg bur i, spesielt med tanke på mogelegheitene innan reiseliv. I tillegg til dette ynskjer eg å tilby kurs og hjelp til ungdommar som ynskjer å lære meir om video som eit presentasjonsverkty.

Svein Erik var EVS volontør i Hellas. Les meir…….

Anne Sofie Steinsund Osland, Solund

Mitt prosjekt er å starte mitt eige videoproduksjonsselskap.
Innhaldsmessig vil det vere som ekte studio, men eg må kunne bære det med meg ut i distriktet, det må og vere einkelt nok til at ein person kan ha kontroll på alt.
Eiskildpersonar, organisasjonar og bygder vil kunne leige meg inn for å lage einkel marknadsførings / presentasjons / informasjons materiale. På denne måten kan dei skape eit fokus på kva dei har gjort, ynskjer å gjere eller har å tilby.

Anne Sofie var EVS volontør i Wales. Les meir…..

 

Home | About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |