EVS programmet i Sogn og Fjordane

Sending av volontørar

Er du frå Sogn og Fjordane, mellom 18 og 25, og ynskjer å få arbeidserfaring i eit anna land?

Vesle Daniel kan hjelpe deg å finne ei plassering i eit prosjekt ein stad i Europa i 6 - 12 månader. Utan økonomiske kostnadar for deg!

Vesle Daniel kan hjelpe til med å organisere ein god og interessant plassering, inkludert i dette er god opplæring og eit godt fungerande og etablert støtteapparat.

EVS prosjekter er vanlegvis innanfor områder som barne og ungdomsarbeid, restaurerings prosjekt (for eksempel bygningar og båtar), miljøarbeid og hjelp til personar med utviklingshemningar. Ideen er enkel: la norsk ungdom leve, arbeide og lære i eit anna Europeisk land (og vice versa), utan økonomiske kostnadar.

Om du vert godkjent som volontør for eit EVS prosjekt vil EU programmet Ung i Europa betale for:

Førebuingskurs
Reise til og frå prosjektet
Forsikring
Språk opplæring
Orientering om landet
Kost og losji
Lommepengar

Ta kontakt med prosjektleiar Roger Kløvtveit på roger@vesledaniel.no for meir informasjon.

Vesle Daniel har eit samarbeid med Frivillegsentralane i Fjaler, Sogndal og Nordfjordeid for utsending av ungdommar frå Sogn og Fjordane, vi har eit mål om å sende ut 20 ungdommar for året frå fylket vårt.

Husk at det ofte tek 4 til 6 månader for å organisere ei plassering

Vi vonar å høyre frå deg snart :-)

For meir informasjon sjå og:

Vesle Daniel sine volontørar som har reist ut frå Sogn og Fjordane. Fleire av desse har skreve dagbøker og presentasjonar som beskriv dag til dag livet i eit framandt land særs godt. Det kan og vere nyttig å kikke på uttalelsane frå volontørar som har vore eit år her i fylket, sjå på dei forskjellege årskulla på menyen til venstre.

Du må skrive eit CV, last ned ein einkel mal her

Nettstadar med meir informasjon om EVS

Norsk Ex Volontør Organisasjon (NEVO). Her kan du finne nyttig informasjon, på norsk, absolutt verdt eit besøk!

Det Norske nasjonale kontoret for EVS - Aktiv ungdom

Aktiv ungdom sine sider om EVS - Korleis bli volontør

Aktiv ungdom - Søknadsskjema

EU ressursdatabase for EVS plasseringar på EVS volunteer helpdesk.

 

About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |