EVS Programme

 

AUDUN KJØRSTAD, REISEBREV FRÅ KINA (bilete nest på sida)

Etter aa ha vore utan internett i over ein maanad har eg til sist faatt meg verdsveven her rett inn i stova, og har no ikkje lenger noko orsaking til aa ikkje gje lyd fraa meg. For aa vere paa den visse sida har eg sendt denne masseutsendinga til saa godt som samtlege paa adresselista mi, somme av dykk er eg ikkje heilt sikre paa kven er, og somme av dykk er garantert heilt ikkje sikre paa kven eg er. Saa difor, ein kort introduksjon, eg heiter Audun, og eg bur for augneblunken i Utkants-Kina, der eg underviser engelsk og jobbar med handicappa. Dei av dykk som veit kven eg er veit sikkert at eg har vore her i snart ein maanad, og ettersom dykk ikkje har hoeyrt noko fraa meg foer no skjoenar dykk sikkert at eg har det veldig bra.

Sola skin, himmelen er blaa, temperaturen er nydeleg, og luftfuktigheiten ligg omlag paa minussida, som normalt er, ettersom eg bur midt i ein oerken. Denne veka har vi hatt ein sokalla oktoberferie, som det tok litt tid foer vi fekk forklart kvifor vi hadde. Det viste seg til sist at vi faar ei veke fri til minne om opprettinga av Folkerepublikken Kina, fyrste oktober nittenfemtiseks.
Ein morosam detalj ved denne ferien var at ettersom han tok til paa ein laurdag ville han ha vorten ni dagar long, men i Kina faar du ikkje meir enn det du har krav paa, verken av ferie eller av noko anna, saa difor vert laurdag aattande og sundag niande oktober til vanlege arbeidsdagar, der den ringe kinesar skal late som om det er torsdag og fredag, og dinest gaa direkte fraa fredag til maandag. At vi daa faar ei sju dagars arbeidsveke ser ikkje ut til aa affisere nokon noko saerleg.
Sidan vi er slike snille og greie laerarar arrangerte Ningxia sitt Foreign Affairs Office ein tur til Xi'an for oss, der vi mellom anna fekk sjaa den kjende terrakottahaeren. Monge soldatar utan hovud, og monge hovud utan soldatar stod og laag paa rekke og rad. "Please do not use flash", sa smaa skilt longs rekkverka. "flash" "flash" "flash" sa kamera til franskmennene og tyskerane rundt oss, rett opp i andleta (eller berre halsane) til dei fleire tusen aar gamle statuene. Hadde det ikkje vore for at eg foelte meg uvel skulle eg ha kasta potetmos paa dei.

Takka vere eit heller daarleg maaltid i studentkantina i Yinchuan foer vi drog til Xi'an dukka det opp ein liten basselusk ved namn Ove i magen min. Ove var ein frekkas, og kvar gong eg aat eller drakk noko skreik Ove "ha deg vekk!", slik at maten sprang opp av halsen min. Dette heldt han fram med i nesten fem dagar, foer eg vitja sjukehuset og fekk meg nokre liter intravenoest og nokre kilo cefalexin. (Nokon som veit kva cefalexin er? Eg gjer det ikkje, men det funkar ganske bra, Eg tek tolv om dagen.) Guiden vaar fortalde oss at Xi'an var ein gammal by med mykje historie, minst like mykje som dei europeiske byane Roma, Aten og Istanbul, og det kan jo godt hende. Sjoelv saag eg ikkje stort anna enn hotellrommet og eitt og anna sjukehus. Kinesisk sjukehus var ei spennande oppleving. Etter aa ha laage nokre timar med drypp byrja rykta i nabolaget og svirre om at det laag ein utlending paa sjukehuset, saa etterkvart kika fleire og fleire eldre menn innom. Dei luska seg bort til senga, kika paa meg, lo hoegt og gjekk ut att. Dette gjentok seg fleire gongar, heilt til det til sist kom ein fotograf som representerte sjukehuset og tok bilete av meg. Biletet skulle dei visstnok bruke til reklame.

Med unntak av basselusken Ove er maten i Kina heilt fantastisk, det einaste vi sakner heromkring er ordentleg broed, og smoer. Broedet her er kvitt og klissete og soett og ekkelt, og er knapt nok etbart medmindre det er rista svart. Det finst og mykje spanande ferdigvarer i butikkane, gjerne med morosame namn eller engelske skildringar. For augneblunken nyt eg mellom anna ein "deliciously fresh and lovely" ananasdrikk med eit namn som ikkje ville slaatt an i Ungarn. I alle hoeve ikkje blant den eldre garde.

Nok tull no, litt om jobben min. Fraa maandagar til onsdagar har eg omlag eitthundreogtjue elevar fordelt paa fire klassar, stundom litt meir, stundom litt mindre. Stundom har eg elevar som ikkje er elevane mine, men elevar som eigentleg studerer juss eller fysikk. "But I very like the English speaking and now is very interesting because is foreign teacher." forklarar dei meg.
Stundom har eg elevar som ikkje er elevane mine, men elevar som eigentleg er engelsklaerarar paa skulen eg jobbar. Kva dei gjer i klassane mine har eg ikkje vaaga spoerje om, men assistenten min fortel meg at dei er der for aa laere seg betre engelsk.

Skulen min heiter XinHua College, og er ein skule for dei med litt for daarlege karakterar til aa kome inn paa universitetet, men som har foreldre med nok pengar til aa kjoepe ungane sine inn paa eit alternativ. Ein skule for dumme ungar med rike foreldre med andre ord? Ikkje heilt. Grunna eittbornspolitikken satsar monge foreldre fraa arbeidarklassa heile familieformoga paa aa utdanne sitt einaste barn, noko eg er sjeleglad for, ettersom ein klasse med bortskjemte rike ungar hadde vore grusomt.

Det er ingen tvil om kven av elevane som arbeidar hardast og er mest aktive i timane. Paa torsdagar og fredagar jobbar vi med menneske med handicapp av ymse sort. Store delar av tida brukar vi paa blinde og doeve, daa det ser ut til aa vere vanskeleg aa oppdrive andre formar for handicap i byen. Noko av tida nyttar vi og paa ein skule for ungar med "psykiske vanskar", noko som i Kina kan vise seg aa vere ganske mykje. I Kina er ein anten normal eller unormal, og er ein unormal skal ein paa spesialskule. Grensene mellom normal og unormal ser og ut til aa vere ganske utydelege. I ein av klassane paa skulen for ungar med "psykiske vanskar" finn vi born med downs syndrom, somme med lese- og skrivevanskar, somme som berre ser ut til aa vere hyperaktive, og andre igjen som det ikkje ser ut til aa vere noko spesielt med i det heile teke. Vi vert fortalt at sistnemnde elevar hadde faatt for daarlege karakterar paa den vanlege skulen, og maa no gaa paa spesialskulen for aa "verte normale" igjen.

Oppgaavene vaare er forskjellige, avhengig av kva senter eller institusjon vi er paa, men for det meste skal vi proeve aa laere bort litt engelsk. Mellom anna paa skulen for doeve og blinde born er dette svaert vanskeleg daa kunnskapsnivaaet i klassane er svaert variert. Eg har to jenter som talar svaert god engelsk samstundes som eg har ein gut som ikkje kan telle lenger enn til fem.

No skal eg slutte kaste bort tida dykkar med vas og mas fraa austen, eg har eit husvaere som byrjar sjaa ganske ille ut, og eg har planar om ei stoerre reingjeringsoekt for aa seinare kunne slaa meg ned i sofaen og nyte mi nyaste filmatiske nyvinning med godt samvit. Merkeleg nok fann eg ein dansk dvd i gaar, "Terkel i Knibe", rett nok paa kinesisk, men er eg heldig har den eit dansk eller engelsk lydspor, eller i det minste teksting paa eit spraak eg er istand til aa skjoene.

Om nokon ynskjer sende meg noko kan det gjerast gjennom denne adressa: Audun Post box 312 Ningxia University Yinchuan Ningxia 750021 P.R. of China Pakkar og stoerre brev vert som oftast opna, sett gjennom og lukka igjen, saa send ikkje pengar eller store banner som seier "kommunismen er doed" eller andre taapelege ting. Vi deler hus med amerikanarar, og er difor Yinchuan sitt number one terrorist target allereie. Mobilen min er framleis teit og dum, av di expert valaker i foerde er den daarlegaste butikken vest for meg.

Audun Kinamann

 

Ein av klassane mine i djup konsentrasjon medan eg speler musikk for dei.

 

 

 

 

 

 

Ein elevane paa skulen for born med spesielle behov. Denne karen er ein villmann med rockeringen, noko eg framleis ikkje har klart feste ordentleg til film.

 

 

 

 

 

 

Maren og eit av dei blinde borna paa special education school, ein skule for doeve og blinde born.

 

 

 

 

 

 

Nokre av dei doeve borna paa special education school.

 

 

 

 

About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |