ODDMUND HAUGENS EVENTYR I SPANIA:
Her kan du lese reisebreva til Oddmund som er volontør i Nord-Aust Spania.
Frå Hallo til Hola! - Vår 2005
So var det min tur til å finne ut kva det vil sei å være volontør. I fleire år har eg vore under påverknad av mengdene av volontørar som har prega livet i mi vesle bygd, Dale i Sunnfjord og omliggande område, i alt frå 6 til 12 overlappande månadar. Og med ei mor som ledar for sendarorganisasjonen skulle det vel heller mykje til at eg ikkje skulle bli volontør eingong.
So etter nokre års mållaus jobbing og litt meir meiningsfull globe-trakking samla eg dei surrete tankane mine rundt EVS og byrja for alvor å arbeide med å finne meg eit likandes prosjekt. Den no oppdaterte databasen på sosforevs.org var eit aldri so lite mareritt. Til dømes kunne eg lese om eit prosjekt som trefte meg i hjarterota, men som ikkje eingong eksisterte.
Men etter å ha funne ein god elimineringsmetode so vart det straks betre. Og etter ikkje lenge og ei feitandes jul fekk eg napp og fekk den herlege beskjeden: ”We choose you!” Eit prosjekt i Spania langt frå byar og strender, nett slik eg vil ha det.
Organisasjonar med sans for vestlendingar
Midt i Catalunya var det ein liten organisasjon som hadde sansen for ein lang vestlending, og vestlendingen hadde absolutt sansen for fjell og gardsliv og arbeid med lokale ungar og ungdom frå heile verda. So eg pakka sakene mine, etter ein kjempe sisteetappe for å få søknaden tidsnok inn, og 15.mai flaug eg til Spania og Barcelona; hovudstaden i Catalunya.
Eg fekk mitt fyrste inntrykk av dei spanske, eller katalanske som dei helst vil bli kalla, som var at dei vil helst være eit eige land. Deretter, på sjølvaste 17.mai, tok eg bussen nordover og etter 2-3 svingete timar mellom småfjell og industri kom eg fram til Solsona og mitt prosjekt.
EI krølltopp, min tutor Marta, henta meg på den vesle busstasjonen og vi sette umiddelbart i gong med ein av spanjolane sine favoritt sportar; å gå på kafé. So etter nokre slurkar kaffi og litt passiv røyking so kom den andre volontøren og vi kunne starte prosjektet vårt.
Lenka frå Slovakia og eg fekk oss ei lita overrasking når vi fekk sjå huset som skulle bli vår heim dei neste 6 månadane, og der storparten av prosjektet ville ta plass. Eit gamalt, typisk gards-hus på 934moh. med utsikt ned til Solsona 7km vekke og 300 høgdemeter lågare mot aust, og fjella som utgjer grensa mellom Spania og Frankrike i nord; Pyreneane.
Dårlige tenner
Vest og sør er flatare enn ei pannekake so eg ser mest mot nord og vest. Og huset er omringa av enorme kornmarker og ei enorm mark med u-røykbar marihuana og stadig passerar ein av dei to sauegjetarane som har mange hundre sauer i mellom seg. Eg prata litt med ein av dei, ein gamal kar med tenner som har eit sterkt ynskje om å ikkje stå i same retning, og eg forstod det slik at han hadde kontroll på 1100 sauer. Då kan ein skjøne at han ikkje har tid til å stelle med tennene sine.
So byrjar det heile. EVS- prosjektet i denne organisasjonen er rimeleg nytt, dei har hatt nokre volontørar før utan særleg hell og det merkast at det heile har mykje sjel men litt mindre organisering. Men ein lev og lærer. “CRUC” heiter dei og det tyder meir eller mindre “Coordinacio Rural de Catalunya“, organisasjonen i det landlege Catalunya.
Mjuk landing med informasjon om lokalområdet og all den flotte naturen og problemet med at folk ikkje brukar den. I det vesle og tettbygde strøket Solsona er det 7000 inbygjarar der mesteparten trur dei bur i ein by. Dette, og mange andre ting, jobbar organisasjonen for og imot. Idéen for oss volontørar, var at vi skulle bli kjende med mykje av det som føregår her omkring og kva mål organisasjonen har. So ei god veke med køyring og fjellturar med Super-monitor Fidel som guide. Ein enorm natur med mykje variasjon og unike små landsbyar og meir unike restar frå ein 6000 år gamal kultur.
Arbeidsleir
So byrja vi med å førebu garden til alle aktivitetane som skal ta plass denne sumaren. Det var mykje sementarbeid og generell restaurering av gamle veggar og tak. Og det fell jo i smak hos ein bondegut frå vestlandet når han frykta kontorarbeid. Fyrst ut for meg var ein sumarleir for ungaren mellom 3 og 12 år, alle frå Catalunya og dei snakka ikkje engelsk, so dette var høvet for å teste spansken min. Leiren låg attmed ei elv, i ein skog, med eit tak med kjøkken og benkar. Det vart ein interessant oppleving, med mange aktivitetar og mange skarpe ungar. Mitt høgdepunkt var når eg teikna tattoveringar på alle ungane med tusj, flammar på heile ryggen vart etterkvart det mest populære valet.
So rett etter sumarleiren byrja den fyrste av to arbeidsleirar vi skal ha i sumar. Den fyrste handlar om området rundt her, ungdommen og kva dei har føre seg. Det heile skal ende i ein “konferanse” i slutten av juli der mange viktige personar skal kome og sjå kva vi har hatt føre oss desse 20 dagane.
Det er 12 deltakarar frå heile verda, nokre land er Italia, Mexico, Korea, Russland, Slovakia, USA og lokale gutar frå Barcelona. So no er vi komne til dag 5 og alle er temmeleg trøytte etter ein lang fjelltur i går og nokon hadde nok ei nokså ukomfortabel natt mitt på eit jorde. Eg fekk med meg 12 stykk til slutt og me sovna med stjernene som tak. Framover skal vi førebu mykje meir materiale til denne konferansen og gjere andre aktivitetar. Eg sjølv har ansvar for ulike verkstadar der me har produsert nøkkelringar, skilt, bannera og billettar so langt. Skiftande grupper av deltakarene får oppdage området og naturen og nokre må lage mat og vaske kvar dag. Og når me har fri held me oss helst i skuggen eller inni eit hus med tjukke steinmurar, for den varmen som er her no stig ofte til 35-38 grader..
Seminar til seminar. 6. til 10. juni.
Mitt fyrste seminar vart heldt i Tarragona i Catalunya frå 6. til 10. juni.
Vi var samla alle frå Catalunya og det vart 10 til saman. Det var særs koseleg med kjekke monitorar og kjempeflott by med masse romerske ruinar, dei fleste statuane mangla hovud og hus hadde blitt bygd oppå alt. Derfor finn ein ofte museum i kjellaren til hus. Det var ideelt plassert ved stranda so den brukte vi når vi fekk tid. Vi fekk undervisning i Katalan og masse informasjon om kva som føregjekk i Spania. Litt nyhende og deira forhold til rusmiddel osv. Det var litt håplaust då eg på det tidspunkt ikkje kunne forstå so mykje spansk, men det gjekk unna og vi hadde nokon herlege dagar med masse god mat og ein palestinar som klatra på alt.
18.-23.September.
Mitt siste seminar vart heldt i Palencia nord for Madrid frå 18. til 23. September, i regionen Castilla y León, som tyder noko slikt som slott og løve. No var vi samla so og seie alle i landet og det vart over 70 volontørar til saman. Det var mykje meir profesjonelt tillaga og alle fekk på eit tidspunkt prate og det var verkeleg moro. Gruppa var vel stor so det var vanskeleg å komme i kontakt med alle saman på berre fire dagar. Vi hadde fullpakka program med mykje gruppearbeid med ymse problemstillingar og bedømming av prosjekta våre.
Det var mange rare historier. Alt frå dei som hata nesten alt dei gjorde til folk som ville busette seg med sjefane sine. Eg er noko i mellom der. Alt føregjekk på spansk og det gjekk i grunn greitt, når ikkje dei snakka valdsamt fort, som dei ofte gjer. Og med kjensler, veldig mykje kjensler ute å går. Dei er eit folk av kjensler. Kjærleik, "passion" og munndiaré høyrer ikkje alltid saman kan du sei. Men slikt vert ein vand med når ein er her nede. Eit perfekt eksempel er at i den store boka om bøyingar av alle dei spanske verba, har dei brukt verbet: "Å elske" som mal til gruppar -ar verb. Dei stikke seg fram på alle frontar. Uansett, opplegget var bra, dei tok oss med på kyrkje-tour og alle regionane i heile Spania er dei beste i heile verda. Dei har med å skryte fram kvar einaste vesle detalj. Vi fekk sjå ein gamal kanal og Camino de Santiago, som er vandre stiar som startar frå mange plassar og endar opp i Santiago de Compostella. Vi møtte to italienarar som vist hadde vore på stien ei stund, den eine var mørkare enn den andre og dei hadde kamera med film! Slik som du framkallar, kven har no slikt no om dagen.
Eg brukte forresten opp eine filmen på å ta bilete av dei to framfor ei kyrkje. Det var over 25 nasjonar med på seminaret og det er alltid ei oppleving. Fekk litt oppdateringar på situasjonen i Irland, møtte ei jente frå Romania som er vegetarianar, ein jente frå Hellas som heitte Pepsi, ein svenske med Sveriges sterkaste svensk aksent på spansken sin, ei norsk jente frå Oslo, ein dansk 20-åring som skal til Venezuela for å være lærar på Spansk og masse statuer med hovud. Og får å runde det heile av etter ei misforståing pga. ein spanske som snakkar som ein hakkespett, fekk til og med signert med initialane mine i nystøypt sement. Det er to tal på spansk som høyrest særs like ut, 2 og 12, dos y doze, og grunna det, gjekk vi glipp av siste festen og sikkert dei to kjekkaste timane på heile seminaret når vi framskynda togebillettane våre.
(20/11/2005)