EVS Programme

Svein Erik Helle om volontørtida i Hellas

Eg heiter Svein-Erik Helle, og eg vil gjerne fortelle noko om min opplevelse som voluntør... '

Og kva som gjorde eg at i det heile blei det!


For å byrje med byrjinga...

Født og oppvaksen i Holmedal, Sogn og Fjordane som eg er, er eg glad i bygda. Veldig glad. Samtidig var det ein del av meg som alltid har vore veldig interessert i den store verda og. Som det nok er i dei fleste av oss...

I 2001 slo denne interessa for alvor ut i blomst då eg deltok på den internasjonale ungdomsleiren som blei arrangert i området i regi av den organisasjonen som i dag blir kalla Vesle Daniel. Det vart ein opplevelse for livet, og i dag kan eg derfor trygt sei at dei to vekene eg var på utvekslinga har i sterk grad vore med på å forme mange av dei vala eg har gjort i ettertid...

Og so kom Holmedal til verda!

Roger Kløvtveit (Mannen bak Vesle Daniel) må tydelegvis ha sett noko positivt med å ha meg med på utvekslinga. På dei to neste utvekslingane deltok eg som leiar, eg fekk endå meir smaken på det å møte folk som kanskje ikkje var heilt slik eg møtte i kvardagen.... I tillegg fekk eg mykje erfaring med folk i mange forskjellig situasjonar, både planlagde og ting som ikkje var like planlagde...

Så etter at eg var ferdig med Vidaregåande utdanning i Dale, tok eg ei avgjerdsle. Eg ville ut. For å oppleve noko heilt nytt. Og Roger hadde akkurat måten for meg til å gjennomføre dette. Dette var EVS (European Voluntary Service) Eg er ingen ekspert på EVS, men eg kan prøve å gje ei kort oppsumering av kva det er for meg

EVS er:

• Ein måte for ein ungdom mellom 18 og 25 til å komme seg ut i Europa og jobbe som frivillig, UTAN å måtte betale store summar sjølve
• Ein måte å oppleve,bli kjent med og tilpasse seg til ein heilt anna kultur
• Ein måte å lære framandspråk på
• Ein måte å teste seg sjølv på, både personleg og fagleg
• Men for meg var det fyrst og fremst ein fantastisk moglegheit til å treffe nye og spanande folk kvar dag, på nye og spanande plassar og å lære seg å takle dei utfordringane som måtte komme av dette.

And the decision is... Kryoneri!

Når eg fyrst hadde bestemt meg for å reise utanlands, ville eg oppleve noko heilt nytt. Valet fallt til slutt på Hellas, sidan eg tenkte at det var omtrent så annaleis frå Noreg som eg kunne få det i Europa. Sidan ca. halvparten av innbyggjarane i Hellas bur i Athen, skulle ein vel tru at det var der eg søkte meg til?
Så feil kan ein ta. Eg hamna faktisk i ein liten landsby oppe i fjellheimen på Peloponnes-halvøya, ca 2 timars køyretur vestover frå Athen! Kryoneri var stoppestaden og eg satte av stad!

Seks månadar i Kryoneri

 

Kjærasten min Stine (bakerst) og Marie (omtala seinare) på taket av huset som eg og dei andre voluntørane budde i

 

Prosjektet

Eg arbeidde på eit Ungdomsinformasjons-senter (slitsomt ord) i Kryoneri. Der dreiv eg og dei andre voluntørane på med mykje forskjellig, blant anna:

- Laga vi informasjons-filmar om området
- Arrangerte vi tema-kveldar på den lokale ungdoms-klubben
- Rettleia vi lokale ungdommar om moglegheitane til å komme seg ut og oppleve nye ting
- Laga vi turstiar rundt om for å framheve den unike naturen og historia i området
- Og mykje, mykje meir....

 

Eg, Carles frå Katalonia og vår mentor Ricardo ser etter fuglar!

 

Rydding av natursti

 

Plassen

Eg budde som sagt i Kryoneri, ein liten landsby med ca. 1000 innnbyggjarar. På denne plassen skulle vi, ei gruppe på 3-8 voluntørar leve og jobbe i seks månadar. Nesten ingen av dei lokale innbyggjarane snakka engelsk. Dette førte til mange utfordringar, men like mange gode og morosame situasjonar! Nokon andre meir og mindre interessante opplysningar om Kryoneri:

- På gresk betyr ”Kryoneri” ”kaldt vatn”. Landsbyen er ein av dei få plassane i Hellas ein faktisk kan drikke vatnet frå springen.
- Eit stort brød ,”psåmi”, hos den lokala bakaren kosta 1 Euro.
- Kryoneri sitt fotballag ligg i noko som vil tilsvare 4. divisjon i Noreg.
- 90% av innbyggjarane i landsbyen er bønder.

Fyrste fotballtrening med dei lokale heltane Verken trenaren eller nokon av spelarane snakka eit ord engelsk (bortsett frå yes, good og eit par ufine gloser), og eg snakka på den tida like dårleg gresk. Men utruleg kva ein kan få til med ein ball, eit par armar og stor vilje!
 

 

Språket og kulturen

Det som i utgangspunktet trakk meg til Hellas, skulle også vise seg å vere den største utfordringa.
Språket i Hellas er som kjent ikkje så veldig lett (”,,, det er gresk for meg”), fyrst måtte eg lære meg alfabetet, etterpå dei forskjellige lydane og så kunne eg byrje med ord. Du kan tenke deg for ein prosess det var. Men eg fekk god oppfølging heile vegen, i alle EVS-prosjekt er nemleg eit språk-kurs inkludert!

Det er fleire hundar ein det er folk i Hellas. Eit fåtall er farlige og laushundar bør som regel ikkje oppsøkast, sjølv om dei som regel berre vil ha litt kos...

Den greske kulturen var absolutt ikkje slik som eg hadde forestilt meg, men på eit punkt hadde eg likevel gjetta riktig: Den var veldig, veldig ulik det eg var vant med i Noreg! Men det tok ikkje lang tid før eg kom fint inn i det.

Grekarane er svært hjelpsomme folk og når ein viser interesse for kulturen deira var dei veldig vennlige og tolmodige.

Yannis, min tyske voluntør-venn Marie sin kjæreste, lærer oss korleis ein skal drikke kaffi på ein gresk måte; nemlig veldig, veldig sakte.

 

Ein stor familie

Men det viktigaste som eg opplevde som voluntør, var no likevel den fantastiske kjensla det var å komme inn i ein vanvittig stor og varm familie: Voluntør-familien. Uansett kvar ein kom ifrå, korleis ein såg ut og kva ein heitte; så lenge ein var snill og grei så var ein ein del av fellesskapen. Denne enorme fellesskapskjensla blei styrka gjennom organiserte aktivitetar som seminar og organisasjons-møter, men fyrst og fremst var det voluntørane sjølv som stod for det. Vi samla oss når vi kunne, og etterkvart hadde eg vener frå heile Europa plassert rundt om i alle hjørner av Hells. Denne fantastiske felleskapen er vanskeleg å beskrive med ord, så eg trur eg prøver meg med eit par bilder i staden for....

Karnival i Patras

Ca. 1 million mennesker samlar seg kvart år til vill feiring i gatene i Patras. Vi samla ein gjeng voluntørar og hang oss på!

Karnival

Sandra (Spania)
og Valeria (Italia)

Dancing in
the street...

 

Andre samankomstar...

Chris (Tyskland) på toppen etter ein strabasiløs fjelltur
Daniele (Italia) viser at han har flatt hovud
Meg, Carles (Katalonia) og Marie (Tyskland) framfor innsjøen der Carles jobba
Pernille og Malene (Danmark) på byn i Korinth

 

Vitjing frå Nord

So klart fekk eg heimlengsel av og til. Kven får ikkje det? Difor var det veldig godt for meg at eg ikkje berre fekk vitjing ein, men to gongar av kjæresten min Stine i løp av dei seks månadane. Mamma var også ”nedom” ein tur. Det var heilt spesielt for meg å kunne vise fram Hellas til familien min. Eg følte det jo etterkvart som min andre heimstad, og fekk litt av den samme kjensla som når eg skal vise fram heimkommunen min til folk utanfrå.

Kjærasten min, Stine, på Acropolis
   

I ettertid har eg skjønt kor viktig nett denne bagasjen er. Ved å reise til ein anna plass lærer ein å kjenne heimplassen sin mykje betre. Eg la i alle fall merke til mange fleire ting når eg kom heim igjen ein før eg reiste ned. Ein skjønar betre kva som er bra og verdt å ta vare på, og lærer nye ting og metodar som ein kanskje kan prøve å overføre til heimplassen sin. Dette er bagasje som i alle fall eg har tenkt å ta med meg vidare.

 

This is the end

 

 

Så var det slutt. Den 31. Mai 2004 satte eg meg på flyet frå Athen til København. Bak meg hadde eg eit nytt heimland, eit ti-tals venar plassert over heile Europa, og mange gode opplevingar.

Men det viktigaste var ikkje det eg hadde lagt bak meg, men det eg tok med meg heim igjen:

Idear, kontaktar, kjensler og kunnskap som eg aldri hadde opplevd om eg ikkje hadde reist heilt åleine til eit framand land seks månadar tidlegare!

I dag

I dag driv eg framleis på med internasjonalt ungdomsarbeid med Roger.

Eg har framleis mykje kontakt med voluntørar, både dei eg var med i Hellas og dei som kjem hit til regionen for å jobbe. Eg storkosar meg kvar gong eg er i slikt selskap, nettopp avdi eg den dag i dag kjenner den tidlegare nemnde fellesskapen.

Og eg er veldig stolt over å kunne vise fram den flotte regionen vi har her rundt Dalsfjorden.

Eg er blitt gladare, faktisk mykje gladare i heimregionen min etter 6 månadar i Hellas.

Er det ikkje rart kanskje?

 

Tekst: Svein Erik Helle
Bilete: Svein-Erik Helle og Stine Bøthun

About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |