Alencon 2006

Utveksling i Alencon, Normandie, Frankrike
31 juli til 10 august 2006.

Fotografi frå området og førebuingsbesøket finn du her

Under er ei oversikt over kva som vil skje:

Ti ungdommar (15-19 år) og to leiarar frå kvart land (Noreg, Estland, Frankrike og England) vil ta del iI aktivitetar isaman. Programmet vil inkludere utandørs aktivitetar som klatring, kayaking, mountain bike sykling og ridning.

Alle ungdommane vil ha høve til å delta i desse aktivitetane de fyrste dagane av utvekslinga. Etter å ha prøvd desse vil vi arrangere ein ”ekspedisjon” som vil vare to til tre dagar der ein av aktivitetane vil fungere som transportfort.

Vi vil og ta del i eit lokalt prosjekt. Dette vil bestå av at deltakarane lagar til ei orienteringsløype i skogsområdet rundt eit herskapshus.

Avhengig av finansieringssituasjonen vil ein dagstur til Paris bli inkludert i programmet.

Vi vil bu i telt og på eit ungdomsherberge.

For søkjarar frå Sogn og Fjordane

- ta kontakt med Roger Kløvtveit

e-post roger@vesledaniel.no - mobil 95834359

 

Kostnad for å vere med vil truleg bli å dekkje reisekostnader til og frå Paris. Dette vil verte avklara innan utgangen av mai 2006.

Deltakarar må ha ei eiga gyldig reiseforsikring.

 

Home | About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |