Exchanges

HAFS 2003 International Youth Exchange July– August 2003

The subject was nature, environment, ”friluftsliv” (Norwegian cultural tradition of outdoor life), cultural events and field work.

This was an exchange program including two places in the HAFS region, Askvoll and Solund.

Wales, France, Estonia, Italy and Norway participated in this years progam. 55 youths and 16 leaders and instructors.

Photo gallery

Mountaintripdiary

Piratenews

A film was made about the exchange and may be downloaded from the exchange video page.

Prosjekt oppsummering:

Bakgrunn
Prosjektet Vesle Daniel arbeider med å organisere ei internasjonal ungdomsutveksling med EU programmet "Ung i Europa", administrert av Statens Ungdoms og Adopsjonskontor, som hovud sponsor.
Vesle Daniel arbeider aktivt med tiltak som motverker framandfrykt og rasisme, bremser fråflytting og fremmer lokal identitet blant ungdom i regionen. Sommaren 1999, 2000, 2001 og 2002 vart det arrangert utvekslingar saman med ungdommar frå Wales, Frankrike, Romania og Estland, sjå dagbøker for meir informasjon om utveksling. Desse utvekslingane var ein suksess og vi ynskjer å arrangere eit liknande opplegg med ungdoms deltakarar.

Førebuing
12 ungdommar frå Sogn og Fjordane vil samlas i løpet av våren 2003. Formålet med desse samlingane vil vere å planleggje ei ungdomsutveksling i juli / august 2003. Ungdommane vil være ansvarlege for å planleggje og organisere delar av program, opphald og finansiering av prosjektet.

Sidan Vesle Daniel har etablert gode kontakter frå dei tidlegare utvekslingane vil vi invitere ungdommar og leiarar frå: Cowbrigde Youth Centre, Vale of Glamorgan i Wales Europe Iniativ, Caen i Frankrike Vedigiovane, Borgomanero i Italia Kassari Education Society, Hiiumaa i Estland.

Ungdommane vil møtast over eit felles tema. Gjennom å bu, leve, oppleve, lære, arbeide og diskutere sammen i en 14 dagars periode vil dei bli betre kjent med kvarandre og knytte internasjonale kontakter og utvikle ein større forståing for andre kulturar. Temaet vil ta utgangspunkt i Friluftsliv, Nærmiljø og Kystkultur. Fokuset vil vere auka kulturforståing, berekraftig utnytting av naturen samt nye og gamle måtar å nytte denne på.All kommunikasjon vil skje på engelsk.

Hovudmålsetjing
Å legge til rette for at ungdommar frå fleire europeiske land skal kunne bu, leve, reise, lære, sosialisere og oppleve ting saman i eit miljø der alle har ulik kulturell bakgrunn. Eit miljø der kjønn, rase, bakgrunn eller religion ikkje skal skape restriksjonar.

Gjennom denne opplevinga vil ungdommane forandre perspektiv på verda som omgir oss og utvikle ein større kunnskap om spørsmål som vil påverke dei i framtida. Ungdommane vil få nye impulsar og erfaringar, med det vil dei utvikle nye evner og interesser som kan komme til å påverke både dei sjølve og nærmiljøet på heimstaden.

About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |