Utvekslinga “Oppretthalding av distrikta”


Low Bank Ground, Coniston , Cumbria .
31 juli til 11 august 2006 .

Utvekslinga er organisert av Low Bank Ground Utandørs Senter samt stiftingane John Muir Award og Cheshire Landscape Trust.

Tema for utvekslinga er framtida for distrikta i Europa.

30 deltakarar i alderen 18 til 25 år vert invitert, 6 deltakarar frå kvart land. Involverte land er England, Spania, Noreg, Hellas og Tjekkia.

Deltakarane vil få høve til å utforske "høglands" distrikta i Cumbria i England og samanlikne desse med liknande områder i heimlandet.

Vi vil diskutere og vurdere økonomiske, sosiale og miljø problematikk. Vi vil utforske problem, utfordringar og mogelegheiter som desse områda har. Vi vil og sjå på korleis områda kan verte ivaretekne for framtidige generasjonar.

Tema som avfolking, ungdom som reiser, mangel på arbeidsplassar, tenester som forsvinn (butikk, bank, post), manglande transport er alle aktuelle og vil verte diskutert.

Vi vil spesielt sjå på utvikling av turisme, bevaring / naturvern og bruk av natur og miljø for å oppretthalde aktivitet i små samfunn. Deltakarar som har interesse av tema "distriktsutvikling" vert oppmoda til å søkje.

Måla til utvekslinga er:

1. Oppmuntre til internasjonal forståing og samarbeid bland ungdommar.

2. Dele erfaringar og idear om ungdom og livet i distrikta.

3. Gje ungdommar høve til å utvikle eigne aktivitetar og iniativ.

4. Utvikle kommunikasjonseigenskapar og engelsk kunnskapar.

Utvekslinga vil inkludere:

Mykje humor og moro

Læring om andre land og kulturar

Noko vassport (kajakk, segling, roing, kano), på innsjøen Coniston Water

Fottur i Cumbria sine fjell, planlagd av deltakarane, med overnatting og miljøperspektiv.

Mat, musikk og anna underhaldning frå alle landa

Gruppepresentasjonar av eige land og kultur. Desse kan ta form av dans, presentasjon, foto, musikk, video, etc.

Diskusjonsgrupper som utvekslar idear og synspunkt på framtida for distrikta i Europa

Eit praktisk kulturminnevern / naturvern prosjekt i samarbeid med lokale organisasjonar

Workshopar som omhandlar distrikts Europa

Utvikling av engelskkunnskapar

Deltakarrapport for utvekslinga

 

Kostnad for å delta er eit deltakargebyr på £ 180 pluss 30% av reisekostnader

Søknadsskjema frå norske søkjarar sendast til Geoff Cooper og Roger Kløvtveit innan 31 mai 2006. E-post adresser er skrivne i søknadsskjemaet.

Meir om utvekslinga på linkane under:

Førebuingsbesøk i mars 2006

Søknadsskjema

Home | About Us | Site Map | Contact Vesle Daniel |