Vesle Daniel ynskjer deg velkommen
til å lære meir om dei mange internasjonale mogelegheitene som eksisterar for ungdommar.
Vevstaden er bygd opp rundt dei mange prosjekt og aktivitetar arrangert av Vesle Daniel sidan starten i 1999.
Vevstaden er og meint å skulle kunne nyttast av partnarar i utlandet, grunnan dette er størstedelen av informasjonen på engelsk.
Menyen øvst vil ta deg til forskjellege delar av programma vi tilbyr. Dei forskjellege undersidene har ei einkel "bruksanvisning" som startpunkt. Det kan og vere nyttig å kikke på vevstadkartet vårt.
på dei forskjellege delane av vevstaden kan du finne dagbøker, video og bildegalleri frå forskjellege utvekslingar og kurs. Reisebrev frå EVS volntørar, ressursar for gjennomføring av internasjonale prosjekt etc. Her er mykje informasjon å hente.
Etterkvart vil vevstaden verte utvida til å dekkje ei rekkje program og mogelegheiter for internasjonale prosjekt. I skrivande stund er fokuset på å linke opp til programma sine eigne sider, i framtida vil det verte lagd ein del "bruksanvisningar" med råd og veiledning.
Tilbakemeldingar frå brukarar vil vere høgt verdsette..
Vevstaden vart designa og utvikla av eks-EVS volontør Juan Miguel Garrido Delgado, han fekk eit entreprenørskapsstipend frå EU programmet Ung i Europa og eit mindre stipend frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, for å gjere dette arbeidet. Mange takk til han, Ung i Europa og Sogn og Fjordane Fylkeskommune!!
Vesle Daniel sine aktivitetar
Vesle Daniel var ein av mange delar av Sogn og Fjordane Fylkeskommune sitt programm retta mot ungdom.
Vesle Daniel starta som prosjekt i 1999 og vart omgjort til ein fast del av det Fylkeskommunale tilboded i 2006.
Satsingsområde no er å hjelpe til med å utvikle mogelegheitene for elevar og lærarar ved vidaregåande skular, samt lærlingar og deira instruktørar. Noko tid vert og brukt for å vedlikehalde det allereie etablerte nettverket, som mange vidaregåande skular er ein del av gjennom volontørordninga.
Ein finn ei historisk oversikt i prosjektrapporten (link nederst).
Aktivitetane inkluderar:
- Informasjon om og arrangering av kurs innan internasjonal aktivitet.
- Informasjon retta mot ungdommar, vidaregåande skular, ungdomsarbeidarar og andre som er interessert i internasjonale aktivitetar retta mot ungdom
- Oppmuntre til lokal og internasjonal nettverksbygging mellom ungdommar og personar som arbeider med ungdom.
- Gruppeutvekslingar innan dei Europeiske ungdomsprogramma
- Tilbod om Europeisk volontørteneste (EVS) for ungdommar i inn og utland
- Hjelpe institusjonar og kommuner med råd og vegleidning
- Oppmuntre til bruka av andre internasjonale mogelegheiter
Dokumentasjon
Vesle Daniel prosjektrapport 2002 - 2004 (Norsk)
Vesle Daniel falder - 2004 (Norsk)
